SPIL – ein studie i Wittgensteins språkspel

Foto: Jubal Battisti

 

28. mai kl. 19.30
Varigheit: 50 min.

Studio NSP
Eyvind Lyches vei 11
1338 Sandvika

Billettar i døra: 80/140 kr.

 
Om førestillinga
Kva vil det seie å kommunisere? Kan ein seie noko meiningsfylt gjennom ein gest, ein epletransport eller eit heimelaga brettspel? Spil er ei danseførestilling av tvillingduoen Anna og Berit, ein studie og ei leiken undersøking i Ludwig Wittgensteins språkspel. Ideen oppstod då dei besøkte det oppattbygde huset i Skjolden, der han skreiv delar av Filosofiske undersøkelser. Anna og Berit las og opplevde filosofien som praktisk, nyfiken og inviterande, med mange parallellar til dans. Opphaveleg skriv det gamle høgtyske ordet spil seg frå danserørsle, og i denne førestillinga blir det å samtale eit spel, og spelet er dans. Grenser og reglar blir trekt opp, for so å flyte ut att, førestillinga pendlar stadig mellom det attkjennelege og forståelege, det diffuse og "uskarpe.

«Man kan si at begrepet ”spill” er et begrep med uklare konturer. Men er et uklart begrep overhodet et begrep? Er et uskarpt fotografi overhodet et bilde av et menneske? Ja, kan man alltid med fordel erstatte et uskarpt bilde med et skarpt? Er det uskarpe ikke ofte nettopp det vi trenger?»  
- Ludwig Wittgenstein

 
Om workshopen
Måndag 16. mai kl. 10.00-13.00
Studio NSP
GRATIS
 
I workshopen «Wittgenstein, spel og dans», tek Anna og Berit utgangspunkt i dei koreografiske metodane i frå verket SPIL for å gi ein fysisk og teoretisk inngang til arbeidet. I løpet av dei tre timane vil det bli repertoar frå førestillinga, spel, gestar, tekst og utforsking kring filosofiske spørsmål – lest med dans. 
Den austerrikske filosofen Ludwig Wittgenstein såg på språk som eit spel, ein praksis mellom deltakarar som han kalla språkspel. I workshopen vil me lese utdrag frå boka Filosofiske Undersøkelser og gå innpå tematikkane som ligg til grunn. Kva vil det seie å kommunisere og forstå, korleis rører me oss i ein pendlande relasjon mellom det vage og det klåre? Og kva er eigentleg meining?
 
 
Om utøvarane/koreografane
Berit Einemo Frøysland (f.1992) kjem frå Lærdal i Sogn og er dansar, koreograf og skribent. Ho er utdanna ved Balettakademien i Stockholm, Westerdals (Tekst og Skribent) og SpinOff. Ho har nyleg flytta tilbake til Noreg etter å ha budd fem år i Berlin, der ho mellom anna jobba for koreografar og kompani som Sicilano Contemporary Ballet, Eric Gauthier, Deborah Hay, Satoshi Kudo og Katrina Bastian. I Noreg har ho jobba med mellom anna Marina Abramovic og Jeff Pedersen, og ho er ein del av talentprogrammet Frikar X for dansarar. Ho har skapa fleire eigne verk, som til dømes Petra – ein solo om Rainer Werner Fassbinders Petra von Kant (2020), synt på dock11 i Prenzlauer Berg og Den skamfulle dansen (2022) i samspel med med tvillingsyster Anna Einemo Frøysland, i tillegg til fleire dansefilmar. Saman er dei med i workshopkompaniet, en del av Nasjonalballettens koreografisatsning. Berit mottek Statens Kunstnarstipend 2022-2024.
http://www.beritfroysland.com/
 
Anna Einemo Frøysland (f.1992) kjem frå Lærdal i Sogn og er utdanna samtidsdansar ved Kunsthøgskulen i Oslo. Ho har jobba som dansar i fleire produksjonar for NSP 2 og Nagelhus Schia Productions (mellom anna DuEls av Damien Jalet og Erna Omarsdottir) samt Ingun Bjørnsgaard Prosjekt, Marina Abramovic, Jeff Pedersen Produksjonar og Ingvild Thingnes. Anna blei utvald til å delta på Koreografilaboratoriet på Dansens hus i 2019 med solostykket Still. I 2020 laga ho stykket Spil saman med tvillingsyster Berit Einemo Frøysland og i 2022 Den skamfulle dansen. Som duo er systrene med i workshopkompaniet, en del av Nasjonalballettens koreografisatsning. I 2022 skal Anna koreografere ein heilaftens produksjon for ESC ungdomskompani i Bergen med premiere under Oktoberdans. Anna mottar Statens kunstnarstipend 2020-2022. 
http://www.annafroysland.com/



Medverkande
Koreografi og dans: Anna Einemo Frøysland og Berit Einemo Frøysland
Musikk: Jostein Avdem Fretland/Fivrel
Dramaturg: Ingrid Haugen
Lysdesign og scenografi: Matias Askvik
Ytre auge: Janne-Camilla Lyster
Akademisk rådgivar: Fabian Goppelsröder
Foto: Mariell Øyre/Hjartesmil, Jubal Battisti
Video: Jon Filip Fahlstrøm
Produsent: Ingrid Saltvik Faanes
 
Co-produsert av: Nagelhus Schia Productions, 23/7 scene og DockART
Finansiert av: Kulturrådet, Fond for Lyd og bilde, Fond for utøvende kunstnere, Berlin Senat og Lærdal kommune
Takk til: Stiftinga Wittgenstein, Residency Eina Danz, Tom Karlsrud og Marit Winsnes