Språk som spel
Av Fabian Goppelsröder
Korleis fungerer kommunikasjon og språk? Korleis kjenner vi att og korleis forstår vi?
Gjennom heile sitt livsvirke var Ludwig Wittgenstein oppteken av desse spørsmåla og av å finne eit alternativ til hans eiga samtids rådande paradigme. Telegrafen sin suksess som kvardagsteknologi hadde nemleg etablert ein robust forklaringsmodell: kommunikasjon og språk, attkjenning og forståing fungerer gjennom overføring av signal. Objektet for overføringa er immateriell, rein kode. Ord og setningar, språket, er berre eit transportmiddel; eit medium der meldingar blir sendt mellom ein avsendar og ein mottakar. Med andre ord ei mogelegheit til å byggje bruer i tid og rom, der avstandar kan opphøyra å eksistere. Med ei slik forståing vert mediet si materie redusert til ei byrde, ein mangel, eller ein defekt. Målet blir i staden ei direkte overføring av tankar, ein kommunikasjon i form av samankopla hjernar, frigjort frå den materielle verda.
Wittgenstein gjekk rakt imot denne ideen: På midten av 1900-talet utviklar han sin språkfilosofi ved hjelp av eit anna paradigme; spel, eller snarare leik. Slik forkastar han telegrafen som forklaringsmodell. Ifølge Wittgenstein er nemleg språk mykje meir enn dekoding. Ord og setningar har inga ibuande meining; meininga oppstår idet dei brukast. Å læra å bruka språket inneber trening. Ofte handlar det til og med om å bli drilla i ulike og passande måtar å bruke ord og setningar. Ein kompetent talar veit kva ord og uttrykk ho bør bruke til ei kvar tid. I ei gravferd fortel ein ikkje vitsar; og faguttrykk er ikkje til hjelp når ein skal undervise på barneskulen. Kva vi kan uttrykke og kommunisere avheng av den respektive samanhengen. Akkurat som i eit sjakkspel, der rolla til brikkane og deira moglege trekk berre kan springe ut frå spelet som heilskap, er vår bruk av språket bestemt av reglane til det aktuelle språkspelet. Likevel dekker ikkje denne parallellen mellom sjakk og språk alle aspekta ved ’spelet’, eller ’leikparadigmet’.[i] For Wittgenstein er ’spel’ meir energeia enn ergon[ii]; reglane er heller regelmessige enn fastlåste. Vidare er Wittgenstein spesielt opptatt av gråsonene i handling, områder ein går glipp av om ein berre fokuserer på å skildre repeterande strukturer. Interessa hans ligg i det kreative som finst i ein praksis, det som teoriar ikkje kan famna om. Det er det ubestemmelege, omfanget, toleransen, spelet og marginen som er viktige – spelerommet, Spielraum, som berre opnast opp ved konkrete handlingar. Om Wittgenstein vel spel som det leiande prinsippet i sin språkfilosofi, betyr ikkje dette spel som eit sett førehandsbestemte eigenskapar. For han er eit anna fenomen viktigare, nemleg spel som utføringa av ei rørsle utan retning. Som Hans Georg Gadamer har uttrykka det i «Sannhet og Metode» (mange år etter Wittgenstein, men likevel i hans ånd) – vert denne rørsla synleg når vi snakkar om spelet i lys, spelet i bølgjer eller krefter; som « det som går att og fram i ei rørsle [...] som ikkje er bunde til noko mål der det ender opp ».[iii]
Etymologisk sett skriv det gamle høgtyske ordet ’spil’ seg opphaveleg frå eit av dei kanskje mest ettertrykkelige eksempla på slik meiningslaus rørsle: dans. Dans har ingen hensikt, ikkje noko mål utanfor seg sjølv. Den referer til seg sjølv, og er ikkje eit middel til eit mål. Vi dansar for vellyst, for å oppnå gleda av vår eiga rørsle. Vi dansar på jakt etter intens fysisk sansing, etter letta og tyngda, etter eufori og utmatting. Dans er difor ikkje fyrst og fremst ei oppgåve for intellektet; dans er samspelet mellom ulike kroppar, den konstante koordinasjon av ulike handlingar, det performative grunnlaget som koreografiane spring ut av. På denne måten er dans også språk og kommunikasjon: ikkje som sending av informasjon der transportmiddelet er skjult, men heller ei aktiv deling på felles grunnlag, der ein gjer og lagar saman; ei form for kommunikasjon der tid og rom, lyd og rytme ikkje er marginale faktorar, men essensielle; eit språk som fungerer når deltakarane i samtalen finn vegen til ei felles rørsle.
Med Wittgenstein er det nettopp denne dimensjonen av det leikne som kjem til syne i leikparadigmet. Språkfilosofien hans er nærmare dans enn sjakk. Eit dansetrinn kan bli eit uttrykk for ei musikalsk forståing.[iv] Og å forstå ei setning er mykje nærmare knyta til forståing av musikk enn det ein skulle tru.[v] Språk som spel, som dans, må bli anerkjend som materiell praksis, som eit samarbeid, som ei kollektiv handling. Det kan ikkje lenger bli redusert til grammatikk og vokabular åleine; det inneheld gestar, ansiktsuttrykk, og stemme. Tilfeldigheit og kontingens er ikkje defektar som må overvinnast, snarare aspekt av den samhald-skapande fylden i samtalen. Å samtale er inga telegrafisk forbinding mellom hjernar. Å samtale er eit ’spil’.
[i] Sjølv om Wittgenstein sjølv drog denne parallellen (jamfør: Wittgenstein, Philosophische Untersuchungen I, s. 298, § 108).
[ii] Ergon betyr i denne samanheng ei kulturelt etablert eining – eit brettspel, eit ballspel – med reglar som har blitt etablert over tid, der spelet tydeleg er separert frå dagleglivet. Energeia må forståas som ei dynamisk tilstand, som ikkje let seg definere, men berre kan observerast (jamfør: David Lauer, Sprache als Spiel: ergon und energeia, in: Stefan Berg, Hartmut von Sass (Hg.), Spielzüge. Zur Dialektik des Spiels und seinem metaphorischen Mehrwert, Freiburg/München 2014, s. 238ff).
[iii] Hans-Georg Gadamer, Wahrheit und Methode. Grundzüge einer philosophischen Hermeneutik, Gesammelte Werke, Tübingen 1990, Bd. 1, s. 109.
[iv] Jamfør: Wittgenstein, Vermischte Bemerkungen [1948], s. 548
[v] Wittgenstein, Philosophische Untersuchungen I, s. 440, § 527.
Fabian Goppelsröder
Fabian Goppelsröder er tysk filosof, allmen litteraturvitar og frilansskribent med base i Berlin. Han har doktorgrad (PhD) i Comperative Literature frå Stanford University (CA) og underviser for tida ved doktorant-programmet „Epistemologies of Aesthetic Practices“ i Zürich, Sveits. Hovudinteressene hans ligg innan estetikk, språkfilosofi, media og performativ teori. Han er forfattar av „Zwischen Sagen und Zeigen. Wittgensteins Weg von der literarischen zur dichtenden Philosophie“ (“Mellom det å seie og det å syne. Wittgensteins veg frå den litterære til den diktariske filosofi”), Bielefeld 2007, i tillegg til „Was der Fall ist… Prekäre Choreographien“ (“Kva som er tilfelle… prekære koreografiar”), samskrive med Winfried Gerling), Berlin 2017 og „Aisthetik der Müdigkeit“ (“Trøyttheitas estetikk”), Berlin/Zürich 2019.